Her syng dei for å redde skulen sin

Elevar og lærarar ved Bøfjorden og Bæverfjord Oppvekstsenter har laga eigen kampsong - "Alt for Bø-Bæ!" - til melodien til "Alt for Norge". Den framførte dei for første gong 2. april, dagen før kommunestyret skal behandle saka om skulestruktur i Surnadal.